Nye fjellvettreglar på nynorsk

Illustrasjon som visar skigåar på fjelltur.
Illustrasjon under CC ved Sondrekv~commonswiki

Odda Mållag tek initiativ til at dei nye fjellvettreglane også vert nytta på nynorsk.

1. Planlegg turen og meld frå kor du går
2. Tilpass turen etter evne og forhold
3. Ta omsyn til vêr- og skredvarsel
4. Ver førebudd på uvêr og kulde, sjølv på korte turar
5. Ta med naudsynt utstyr for å kunna hjelpa deg sjølv og andre
6. Ta trygge vegval. Pass deg for skredfarleg terreng og utrygg is
7. Bruk kart og kompass. Vit alltid kor du er
8. Vend i tide, det er inga skam å snu
9. Spar på kreftene. Søk ly om naudsynt