Kjersti Toppe engasjerer seg

Opphavleg publisert på radiofolgefonn.no 31. august 2016 av Mannsåker, Tone Marie

Engasjerer seg for språkdeling ut ungdomsskulen

Bilete av stortingsrepresentant Kjersti Toppe.
Kjersti Toppe. Bilete: JK Flattun

Kjersti Toppe (Sp) vart født i det som den gong var Åsane herad, no ein del av Bergen. – Eg gjekk opphaveleg i rein nynorskklasse, men med ny kommunestruktur, vart det ny skule og alle me 7.klassingane skifta over til bokmål, fortalde ho måndag

– Det er slik det er, når ein 12 – åring ikkje er sikra retten til eigen klasse for si målform, skiftar dei gjerne og går over til bokmål. Det er derfor eg er så oppteken av akkurat retten til språkdelte klassar, for eg har opplevd den kjensla det er når alle skiftar målform, då vil ein ikkje vera den einaste som ikkje gjer det.

Toppe meinte at språkdelt norskfag, ikkje kompenserer for språkdelte klassar. – Det hadde me på mi tid og. Me vart tekne ut av klassen i norsktimane, Det var ei ekkel kjensle.

Toppe vart bokmålsbrukar og var det i mange år før ho vende attende til å skriva nynorsk. – Det vart då vart rotete ei tid, eg skreiv dårleg nynorsk og dårleg bokmål.

For å verta god i nynorsk, må ein høyra det og bruka det jamt, slik Toppe ser det. – Det er ei stor politisk sak at nynorsk og bokmål skal vera jamverdige og jamstilte. Det er mykje ein kan gjera politisk for å styrka sidemål og nynorsk spesielt, men det er heilt klart for mange unge som skiftar skriftspråk når dei kjem på ungdomssteget, eller seinare.

Toppe meiner at dersom ein klarer å halda på alle dei som har nynorsk i barneskulen og får dei gjennom både ungdomsskule, vidaregåande skule samt høgare utdanning som nynorskbrukarar, vil fråfallet verta mykje mindre.

– Eg meiner at når alle må gå 10 år på skulen, så har samfunnet eit større ansvar, og det smertar meg å høyra at Odda no på grunn av økonomi har måtta redusera tilbodet om språkdeling på ungdomssteget. Men det er slikt som kan skje når det ikkje er lovpålagt.

Toppe arbeider for at retten til språkdeling for 7. til og med 10. klasse skal lovfestast og at det fylgjer middel med.

Ho fortel at ho har fått med seg fleire stortingsrepresentantar frå Hordaland; Magne Rommetveit (Ap), Audun Lysbakken (Sv) og Terje Breivik (V), samt Liv Signe Navasete (Sp) frå Sogn og Fjordane og Geir Toskedal (Krf) frå Rogaland for å fremja forslaget om lovpålagt språkdeling ut ungdomsskulen.

– Så det er eit ganske tverrpolitisk initiativ at ein må sikra at også ungdomsskuleelevane får opplæring på eige hovudmål og rett til å gå i eiga målformgruppe.

Ifylgje Toppe er det slik på Stortinget at for å få til ei brei samanslutning må ein gje og ta litt. – Så sjølve ordlyden i forslaget er ikkje heilt absolutt. Dette forslaget vart levert til Stortinget 17.juni, rett før sommareferien, men har ikkje vorte behandla endå.

Ho trur det kan koma eit vedtak i saka før jul, i november – desember. – Men det er ikkje forslag om lovendring, det er oppmoding til regjeringa om å oppretta sak, som dei så i sin tur leverer til Stortinget.

Det er altså inga snarleg løysing i sikte. – Dette er ei sak som må ha tverrpolitisk forankring for at me skal få gjennomslag og for at eit positivt utfalla skal overleva over tid. Men prosessen er iallefall i gong sa Kjersti Toppe på møtet i regi av Odda Mållag og Odda kommune måndag.