Odda VGS 30.08.2016

Bilete teke etter møtet mellom Odda vidaregåande skule og eit samansett sendelag. Det var Odda Mållag og Odda kommune som gjorde opptaket til møtet. Saker som kom opp på møtet var m.a. målbyte sett i lys av Oddamodellen, nynorskbruk i undervisninga, norskfaget og eksamensordningar i norsk.

Bilete av dei som deltok på møtet på Odda vidaregåande skule den 30.08.2016

På biletet ser me frå venstre Terje Kollbotn (fylkestingsrepresentant i Hordaland og kommestyrerepresentant for Raudt i Odda. Han er og medlem av språkdelingsgruppa i Odda kommune), John Opdal (avdelingsleiar på yrkesfag på Odda vidaregåande skule, kommunestyrerepresentant for Høgre, ordførar i Odda 2011 til 2015 og medlem av språkdelingsgruppa i Odda kommune), Turid B. Hauso (assisterande rektor på Odda vidaregåande skule), Øyvind Bjørkevoll (rektor på Odda vidaregåande skule), Kjersti Toppe (stortingsrepresentant for Senterpartiet i Hordaland) og Magne Aasbrenn (leiar i Noregs Mållag).

Biletet er teke av Knut O. Dale som er leiar i Odda Mållag. Han deltok på møtet og til dagleg er han norsklærar på Odda vidaregåande skule.

Posted in Møter