Oppdagings- og opplevingsferd i Røldal

Odda Mållag inviterer til oppdagings- og opplevingsferd i Røldal sundag 19. august 2018

Turen går med buss frå Odda busstasjon kl. 1000, med retur frå Røldal ca kl. 1600

Røldal er ei særs spanande bygd med ei samansett og rik soge. Som omvisarar i Røldal er me
så heldige at me har fått arkitektane Susanne Urban og Sondof Rabbe. Han er oppvaksen i
Røldal og ho kjem frå Wien i Austerrike. Dei bur og har kontor i Bergen og har begge eit nært
og kjært forhold til Røldalsbygda. Mellom anna er Susanne ei av drivkreftene attom
Kalvatræet Litteraturhus – verdas minste litteraturhus som er kjent for å vera “plutselig
ope”.

Susanne og Sondof møter oss på Skysstasjonen kl 11.00, der me òg får kaffi og noko å bita i.
Me går så innom Litteraturhuset, og vidare til bygdemuseet på Hauge som skipa ved ei
testamentarisk gåve frå Tore Hauge til Odda kommune.

Då vasskrafta i Røldal vart utbygd på 1960-talet, sette dei opp særmerkte bustadhus i
Krokenteig. Både desse husa og kraftverksbygningen på Lynghamrane vart teikna av den
kjende arkitekten Geir Grung. Urban og Rabbe tek oss med både til Krokenteig og
Lynghamrane.

Me får eit godt måltid på Skysstasjonen kl.1330 (lammesteik og karamellpudding)
Etterpå vert det omvising på garden Seim. På Seim har ekteparet Dagny Erdal Seim og Kjell
Ove Seim fått offentlege tilskot for å ta vare på den gamle driftsbygningen.
Me avsluttar med å sjå gravrøysene på garden før turen går heim.

Pris for mållagsmedlemer kr 400,- er du ikkje medlem er prisen kr 500,-

Påmelding innan 12. august til
Solveig Grønlien, tlf. 90865675 og
Knut O. Dale, tlf. 93499218
Eller bruk e-post, knu-dale@online.no

Vel møtt i Røldal!
Med beste helsing
STYRET I ODDA MÅLLAG