Mållagstur til Ulvik sundag 16. august 2020

Møte med Olav H. Hauge, diktinga hans og Ulvik i dag.
Odda Mållag inviterer på tur til Ulvik sundag 16. august med avgang Odda kl 09:00

Foto: Jan-Tore Egge CC BY-SA 4.0

Påmelding innan onsdag 5. august til
Solveig Grønlien gronliensolveig@gmail.com tlf. 908 65 675 eller
Knut O. Dale knu-dale@online.no tlf. 934 99 218
Dette vil verta ein minnerik dag! For nokon vert høgdepunktet å koma inn i heimen til
Olav H. Hauge, for andre kan det vera å sjå boksamlinga hans på Haugesenteret.
Og for atter andre vil møtet med Hauge gjennom det Bergo og Skjerven les og fortel, vera det som fester seg best i minnet.
Program
09:00 Frå Odda busstasjon med buss over Hardangerbrua til Ulvik
11:00 – 11:30 Haugesenteret med innleiing og omvising
11:45 – 12:30 Bauta, på verseføter til Brisingabrotet og Stein Olav Kolås, barnebarn til
bror til Olav H. Hauge.
12:30 – 13:30 Stein Olav Kolås fortel om barndomsheimen til Olav H. Hauge, vidare
til Rossvoll, heimen til Hauge
13:30 – 14:15 Livsringen med Seljefløyta som innleiing
14:15 Gravsteinen med dikt og innskrift
14:30 – 17:00 Syse gard med vertskapet Gro og Hans Uglenes:
Måltid og omvising

Illustrasjonsfoto frå sysegard.no

Heimreise over Espelandsdalen til Kvanndal, ferje til Utne og i Odda omlag kl.19:00.
Haugekjennarane frå Ulvik Steinar Bergo og Arne Skjerven fylgjer oss heile dagen. Båe
har vore lærarar og laga undervisningsopplegg og skrive bøker om lyrikaren frå Ulvik.
Å koma til Syse gard, den velstelte garden til Gro og Hans Uglenes, kan me sjå fram til.
Vertskapet vil visa oss rundt på garden og me får høyra korleis garden vert driven i dag.
På Syse gard vert det og høve til å kjøpa varer som er laga på garden.
Du er velkomen til å verta med på ein kjekk og minnerik tur til Ulvik!
Pris: For mållagsmedlemer er prisen 600 kr, som inkluderer bussturen, omvising og mat:
Bagett kl 10:50 og varmrett med dessert og kaffi på Syse gard.
For ikkjemedlemer kr 800.

Betaling kan skje på ulike måtar

  • Send penger med Vipps til Odda Mållag (#136198)
  • Betal i mobil- eller nettbank til konto: 3658 44 22623

Obs! Skriv inn namn på deltakarar i meldingsfeltet.

Med beste helsing
Styret i Odda Mållag