Skulemålsfaldaren

Kva skulemål skal vi velja for 1. klassingen?

Oddadialekten og skriftspråka

Dialekt:
«Kjenne du ikkje den nya jento?»
«Jo, men eg har glømt ka ho heite.»

Nynorsk:
«Kjenner du ikkje den nye jenta?»
«Jo, men eg har gløymt kva ho heiter.»

Bokmål:
«Kjenner du ikke den nye jenta?»
«Jo, men jeg har glemt hva hun heter.»

Kva er viktig for 1. klassingen?

Det er svært viktig at 1. klassingen får første opplæringa på eit språk som ligg nær talemålet.

I nynorsken finn eleven att mange av sine eigne ord. Tenk på ord og endingar som 1. klassingen vil bruka mest:

  • eg, ikkje, skule o.l.
  • a-endingar i verb (lesa, skriva, leika, osb.)
  • ane i bunden form (bilane, hestane, osb.)


«Foreldra skal velja skulemål for borna, ikkje for seg sjølve.»

Barnet tener på å læra nynorsk

Vi meiner at born som har nynorsk hovudmål i barneskulen, får eit større ordforråd og ein større språkkunnskap. Dei lærer nynorsk; bokmål får dei inn «gratis» gjennom massemedia. Bokmålselevar lærer ikkje nynorsk på same måten.

Kva fortel eksamensresultata?

I ungdomsskulen skal elevane ha sidemålsundervisning, Undersøkingar gjennomførde av Grunnskulerådet viser at nynorskelevane får betre karakterar i sidemålet enn det bokmålselevane får. Grunnen er enkel. Alle born les mykje bokmål og høyrer det i media, medan born i bokmålsmiljø les lite nynorsk.

Kva så etter grunnskulen?

Karakterane i hovudmål og sidemål tel like mykje ved opptak i vidaregåande skular, universitet og høgskular.
I arbeidslivet er det ein fordel å meistra begge mål godt. I det offentlege er det til vanleg eit krav.

«Alle må læra å skriva både nynorsk og bokmål. Foreldra kan såleis ikkje velja kva mål borna skal læra – berre kva mål dei skal læra først!»

Nynorsk – eit naturleg språk i Odda

Nynorsk er eit like naturleg språkval for oddingar som for folk i nabokommunane. I regionen, i fylket, ja på heile Vestlandet er nynorsk eit naturleg språkval ut frå talemålet. Dei siste åra har nynorsk hatt jamn framgang ved Odda barneskule. I skuleåret 95/96 hadde 58% av elevane nynorsk som opplæringsmål.

Gje barnet ditt eit skriftspråk som:

  • byggjer på dialekten
  • lettar den første opplæringa
  • gjev godt grunnlag for ei allmenn utdanning
  • gjev fordel i vidaregåande skular og yrkesliv


Nynorsk byggjer på dialekten din!

Top