I desse dagar gjev Odda Mållag ut to bøker.
Vi vil selja bøkene på Sentralbadet litteraturhus 11. desember der det også vert opplesingar frå denne utgåva av Odda i manns minne, på julemarknaden på Lothepus camping. 11. -14. desember. Bøkene er også for sal hos Norli Odda, Nærbutikken Tyssedal, Tut og kjør, Joker Skarsmo og hos oss i Odda Mållag (90053602).
Om du ikkje er i området og ønskjer bøkene tilsendt i posten kan du fylla ut dette skjemaet.

Stølar i Odda, frå Rebjørg og Skjeldesete i nord til Seljestad i sør
Forfattarar: Reidar Borgstrøm og Harald Jordal.
Ei bok for deg som vil oppdaga meir enn stien under føtene – ny stølsbok frå Odda!
Har du hytte på Seljestad, Løyning, Reinsnos, Solfonn eller i Hildalsdalen? Eller likar du å gå tur i fjella rundt Odda? Då er denne boka eit funn for deg.
Stølae i Odda, frå Rebjørg og Skjeldesete i nord til Seljestad i sør er ei ny og rikt illustrert bok som tek deg med inn i historia til over 70 stølar. Her får du ikkje berre fakta om kvar støl, men også små glimt frå livet som ein gong var; budeier, mjølking, geiter og kvardagsliv i fjellet. Du får også innblikk i jakt og fiske i stølsområda, og korleis landskapet har endra seg med tida – frå aktiv stølsdrift til fritidsbruk og hyttefelt.
Boka er eit resultat av grundig innsamlingsarbeid frå Reidar Borgstrøm og Harald Jordal, med hjelp frå over hundre informantar. Ho er utgjeven av Odda Mållag, og er ei kjelde til både lokalhistorie og turinspirasjon.
Kvifor bør du ha denne boka?
- Du får vite kva som skjuler seg bak stadnamna du ser på kartet og skilta langs stien.
- Du kan planleggja turar til gamle stølsplassar og sjå spor etter livet som var.
- Du får ei rikare naturoppleving – med historie i sekken og nye perspektiv på landskapet rundt deg.
Ta med boka på tur – eller les ho i hyttevarmen. Ho gjev deg eit nærare forhold til fjella du ferdast i, og kanskje eit nytt turmål du ikkje visste om.

Eit rykande ferskt Odda i manns minne nr. 34 er lansert.
Prisen vert lik som i fjor: Kr 320,-
Er du medlem i laget får du boka til medlemspris kr 290,- ved kjøp direkte frå oss.
Om du ikkje er i området kan du få bøker tilsendt ved å fylla ut dette skjemaet.
Vi har eit lite restelager med tidlegare utgåver. Gje ein lyd om du manglar noko i samlinga di. Gamle utgåver får du for kr 150,-
