Her kan ein høyra lydfil med kopi av Radio Folgefonn sitt intervju av Gry Folkvord. Intervjuet fann stad den 10. desember 2014 og handlar om Oddamodellen og språkdelinga.
Artikkel om Odda-modellen på framtida.no
På framtida.no fins ein flott artikkel om Odda-modellen, og at den no er truga. Artikkelen fortel at elevar og lærarar ved Odda ungdomsskule er redd for at språkdelinga blir teke vekk. framtida.no/articles/me-er-verdt-den-ekstra-kostnaden Ordføraren i Odda seier at han ikkje kan […]
Harry ønskjer biddrag til neste OIMM
Takk til dei mange som kjøpte ”Odda i manns minne nr 23”! Blir det bok nr 24? Dersom vi får inn bidrag, skriftleg eller munnleg og interessante bilete, kan det gå. Vi må få bidrag innan 1. mai . Ta kontakt! […]
Odda i manns minne nr. 23
Nytt Odda i manns minne nr 23 – ei julegåve med varig verdi 41 artiklar Over 200 faksimilar og bilete I sal no hjå: Karlsen Euro Sko, Terje Storhaug, Coop Røldal, Skarsmo Mat, Tyssedal Nærbutikk, Odda Bibliotek. I Sørfjordsenteret: Torsdagar: […]
Årsmelding for 2013
Då har sida om Årsmelding blitt oppdatert og meldinga for 2013 er kome på plass.
Innhaldsrik artikkel om Odda-modellen
Noregs Mållag har lagt ut ei innhaldsrik artikkel på heimesida si. Tittelen er «Odda-modellen i eit historisk perspektiv», og handlar om haustseminaret i Ungdomshallen. http://www.nm.no/tekst.cfm?id=3882 Reservekopi av artikkelen fins her.
Flott oppslag i lokalavisa
Hardanger Folkeblad laga ein veldig fin artikkel frå haustseminaret i Odda. Artikkelen stod på trykk i papirutgåva av avisa den 29. september 2014. Reservekopi av artikkelen fins her.
Hardanger Folkeblad om Odda-modellen
På nettsida til Hardanger Folkeblad kan du lesa om satsinga med å få Odda-modellen til å bli nasjonal. Les artikkelen her: http://www.hardanger- folkeblad.no/hfnyheiter/ article7602294.ece Reservekopi av nettartikkelen fins i PDF-utgåve, her.
Haustseminar i Odda, 2014
Då er Noregs Mållag klare for det nasjonale haustseminaret, og i år blir det arrangert i Odda. Dato: 27. – 28. september 2014 Les meir om haustseminaret på Noreg Mållag sine heimesider: nm.no/hending.cfm?id=1124
Med Kristeleg Folkeparti om Oddamodellen
Odda mållag og Utdanningsforbundet i Odda møtte sentrale politikarar i Kristeleg folkeparti den 5. mai 2014. Oddamodellen og språkdelinga i Odda vart drøfta med gode representantar frå Kristeleg Folkeparti.