Bli medlem

Meld deg inn i mållaget! Les meir, her.


Andre innlegg

  • Teatertur – Vi er brødrene Eikemo


  • Stølar i Odda frå Rebjørg og Skjeldesete i nord til Seljestad i sør.

    Boka er for sal hos Norli Odda, Nærbutikken Tyssedal, Tut og kjør, Joker Skarsmo og hos oss i Odda Mållag (90053602).

    Om du ikkje er i området og ønskjer bøker tilsendt i posten kan du fylla ut dette skjemaet.

    Stølar i Odda, frå Rebjørg og Skjeldesete i nord til Seljestad i sør

    Forfattarar: Reidar Borgstrøm og Harald Jordal.

    Ei bok for deg som vil oppdaga meir enn stien under føtene – ny stølsbok frå Odda!

    Har du hytte på Seljestad, Løyning, Reinsnos, Solfonn eller i Hildalsdalen? Eller likar du å gå tur i fjella rundt Odda? Då er denne boka eit funn for deg.

    Stølae i Odda, frå Rebjørg og Skjeldesete i nord til Seljestad i sør er ei ny og rikt illustrert bok som tek deg med inn i historia til over 70 stølar. Her får du ikkje berre fakta om kvar støl, men også små glimt frå livet som ein gong var; budeier, mjølking, geiter og kvardagsliv i fjellet. Du får også innblikk i jakt og fiske i stølsområda, og korleis landskapet har endra seg med tida – frå aktiv stølsdrift til fritidsbruk og hyttefelt.

    Boka er eit resultat av grundig innsamlingsarbeid frå Reidar Borgstrøm og Harald Jordal, med hjelp frå over hundre informantar. Ho er utgjeven av Odda Mållag, og er ei kjelde til både lokalhistorie og turinspirasjon.

    Kvifor bør du ha denne boka?

    • Du får vite kva som skjuler seg bak stadnamna du ser på kartet og skilta langs stien.
    • Du kan planleggja turar til gamle stølsplassar og sjå spor etter livet som var.
    • Du får ei rikare naturoppleving – med historie i sekken og nye perspektiv på landskapet rundt deg.

    Ta med boka på tur – eller les ho i hyttevarmen. Ho gjev deg eit nærare forhold til fjella du ferdast i, og kanskje eit nytt turmål du ikkje visste om.

    UTSELD

    Odda i manns minne nr. 34 kom ut i november 2025 og allereie utseld hos oss. Er du heldig får du tak i siste eksemplaret hos Norli i Odda. Ring snarast til butikken på 47486364.

    Vi har eit lite restelager med tidlegare utgåver. Gje ein lyd om du manglar noko i samlinga di. Gamle utgåver får du for kr 150,-


  • Busstur til Dialektfestival i Strandebarm


  • Kulturkveld med Gunnstein Akselberg


  • Odda i manns minne nr. 33 – 2024

    Eit rykande ferskt Odda i manns minne vert lansert 17. november i Ungdomshallen.

    Vi vil selja boka på Odda Kjøpesenter (Sørfjordsenteret) fredagar og laurdagar fram mot jul. Boka skal også vera for sal hos Norli Odda, Nærbutikken Tyssedal og Joker Skarsmo.

    Prisen vert lik som i fjor: Kr 320,-

    Er du medlem i laget får du boka til medlemspris kr 290,- ved kjøp direkte frå oss.

    Du kan også kjøpa boka på nett, mot eit porto- og ekspedisjonsgebyr på kr 100,-
    Vi oppfordrar dei som handlar på nett om å betala med Vipps.
    Ting boka på nett ved å fylla ut dette skjemaet.

    Vi har eit lite restelager med tidlegare utgåver, også nr. 32 frå 2023. Gje ein lyd om du manglar noko i samlinga di. Gamle utgåver får du for kr 150,-