Den lokale verksemda Fonna Elektro får målprisen for 2018. Dette vart bestemt på årsmøtet i 2019 med grunngjeving skriven av Harald Jordal.

Faksemile frå Hardanger Folkelad, 1. mars 2019

Grunngjeving for målprisen 2018

Odda-samfunnet er eit samfunn der det er mange og ulike måldomene. Dette gjer seg først og fremst gjeldande skriftleg og langt mindre munnleg. Odda-samfunnet er difor i skriftleg samanheng lite homogent språkleg. Innan offentleg og halvoffentleg forvalting, skuleverk og kulturminneforvalting har nynorsken styrkt sin posisjon og gått markert fram som bruksmål dei seinare åra.

Tida har på mange måtar gått nynorsken sin veg i Odda. Odda gymnas og Odda yrkesskole er samanslegne og heiter i dag Odda vidaregåande skule. Det same gjeld for lokale media, der nynorsken har styrkt seg monaleg. Dette har skjedd – og skjer framleis – i den språknøytrale kommunen Odda og i industribyen Odda, som òg er eit regionsenter.

Odda kommune vil frå og med 01.01.2020 vera ein del av nynorskkommunen Ullensvang, saman med Jondal kommune og Ullensvang herad, og vil bli den største kommunen i Sør-Noreg geografisk. Mållaget registrerte at denne overgangen ikkje var problematisk for oddingane og heller ikkje vart motarbeidd eller utfordra.

Innan næringsliv og handel står likevel bokmålet overraskande sterkt framleis og er langt på veg einerådande. Dette er nok eit resultat av den rotfesta og suverent dominante posisjonen riksmål/bokmål har hatt – og har – i kraftproduksjon og kraftforedlande prosessindustri. Denne posisjonen er sterk, lang og uutfordra i lokalsamfunnet. Posisjonen ivaretek òg rollene som arbeidsgjevar, kunde og skatteobjekt – eller inntekt, inntekt og inntekt sett frå kommunen og lokalsamfunnet sin innfallsvinkel.

Det kan heller ikkje sjåast bort frå at eigarinteressene i industrien ikkje på noko tidspunkt har vore lokale – snautt nok norske – anna enn i to korte unntaksbolkar for Tyssedal.

At bokmålet var – og er – industrien og kraftproduksjonen sitt språk, har òg «smitta over» på tenestenæringane og handelsnæringa. Innan desse to sektorane – som lever av sal av varer og tenester – har bokmålet ein sterk posisjon og uttrykker liksom ein meir nøytral posisjon enn nynorsk og dialekt. Kanskje formidlar det òg eit skin av å vera meir moderne og «up to date»?

Odda Mållag har merka seg at det finst nokre få unntak, og har særleg merka seg heimesida til Fonna Elektro AS, som marknadsfører selskapet på god nynorsk. Dette er eit selskap med lokal eigarskap som har vakse seg til og utvikla seg svært positivt dei siste åra. Fonna Elektro satsar på kvalitet og breidde, samstundes som dei reklamerer for seg og sitt på god nynorsk.

Årsmøtet i Odda Mållag tildeler Målprisen 2018, eit litografisk trykk av Solfrid Aksnes, ‘Bokstavflygarar’, til Fonna Elektro AS for sin vilje til å ta nynorsken i bruk som forretningsmarkør og som ein stimulans til å halda fram med å gjera det.

Denne innstillinga frå styret i Odda Mållag vart delt ut, lesen opp og samrøystes vedteken på årsmøtet i laget i Ungdomshallen 24. februar 2019.