Terje Kollbotn fekk målprisen av Odda Mållag for 2007.

He er grunngjevinga:

Kollbotn var i ei årrekkje fagforeiningsleiar i Odda, og i arbeidet var nynorsk skriftspråket hans. Gjennom sitt sterke engasjement kom han òg ofte i media, der han ordla seg på lokal dialekt og nynorsk. Gjennom denne medvetne målbruken fekk Kollbotn vist at nynorsk er ein sjølvsagt og god arbeidsreidskap i fagforeiningsarbeid.
Som lokalpolitikar har han vore svært aktiv, og han har teke opp mange saker. Gjennom ei rekkje innlegg i lokalavisa, på nynorsk, kortfatta og folkeleg i stilen, har han nådd mange lesarar. I radio og på fjernsyn har Kollbotn halde fast på dialekta si.
Terje Kollbotn har over lang tid synleggjort at nynorsk er eit levande og dugande språk på alle område, og han har med dette gjort seg fortent til målprisen.

Odda Mållag, 2008

Målprisen vart omtala i Hardanger Folkeblad den 18. november 2008.
Her er kopi av artikkelen:

Illustrasjon av PDF-ikon

HF 18.11.2008 – Målprisen til Kollbotn.pdf [74 kB]

https://www.hardanger-folkeblad.no/odda/malprisen-til-kollbotn/s/1-61-3930367