Illustrasjon av ein alfakrøllOm du klikka på ei e-postadressa og enda på denne sida, ønskjer eg å forklara kva som skjer.

Når ei e-postadressa er klikkbar, kjem den raskt på avvege og innboksen blir full av uønska e-post (SPAM).

Vi prøver difor å ikkje skriva e-postadresser i klartekst, men visa adressa som eit bilete med grafikk.

Då kan du ikkje merka teksten eller bruka kopier og lim inn.

I staden må du skriva inn e-postadressa i til-feltet, ved hjelp av tastane på tastaturet.

Grafikken visar kva du skal skriva i til-feltet, for å senda ei e-postmelding.

Lykke til!