Målprisen for 2017 gjekk til Helga Mannsåker

Helga Mannsåker får Målprisen for 2017. Det er Odda Mållag som på årsmøtet tildeler denne prisen.

Bilete av Knut O. Dale som gjer målprisen for 2017 til Helga Mannsåker.
Helga Mannsåker er mellom dei som har argumentert sterkast og mest overtydande for Odda-modellen, som sikrar ein språkdelt ungdomsskule.

På eit ope møte i Odda Mållag 06.11.13 talte ho for modellen. Vidare innleidde ho på haustseminaret til Noregs Mållag i Odda 27.09.14. Likeins argumenterte ho, på valmøta i Bergen høvesvis 18.08.15 og 22.08.17, klart og overtydande – og med engasjement – for Oddamodellen.

Alt som gymnasiast i Odda merkte Helga Mannsåker seg ut som ein framifrå skribent. Det ho skreiv, var reflektert, substansrikt og velforma, og det hadde ei heilt uvanleg uttrykkskraft. På bakgrunn av dette var det inga overrasking at ho i 1995 fekk Opedal-prisen som beste nynorskelev ved Odda vidaregåande skule. I ein parentes kan me ta med at Norvald Vethe, den kunnskapsrike og vidsynte pedagogen, var norsklæraren hennar på Odda vidaregåande skule. Same året skreiv ho òg ein av dei tre beste nynorskstilane i Noreg til eksamen i studieretning for allmennfag. For dette fekk ho ei påskjøning frå Fridthov Oos’ legat.

Etter u-landsstudium i Kristiansand og sjukepleiarutdanning i Bergen fullførte ho i 2010 mastergrad i nordisk, der emnet var bruken av metaforar i samband med psykiske lidingar.

Helga Mannsåker har undervist ved Universitetet i Bergen sidan 2011, og hausten 2017 forsvarte ho doktoravhandlinga Schizofrene symptom og splitta sinn. Kritiske metonymi- og metaforanalysar av fagtermar knytte til diagnosen schizofreni i skandinaviske lærebøker i psykiatri.

Helga Mannsåker har i alle år vore ein medviten og reflektert nynorskbrukar. Med sitt venlege, varsame og vinnande vesen er ho i dag mellom dei fremste nynorskambassadørane i landet vårt. Me er stolte av at ho kjem frå Odda og at ho er medlem i Odda Mållag.

I Odda Mållag er me glade for å ha funne ein så verdig prisvinnar. Prisen er trykket «Bokstavflygarar» av Solfrid Aksnes.