2015 Tor Henrik Mannsåker

Målprisen for 2015 gjekk til Tor Henrik Mannsåker

Grunngjeving for tildeling av målprisen til Tor Henrik Mannsåker

Tor Henrik Mannsåker kom tidleg med i Odda ungdomslag der han m.a. var leikleiar i ei årrekkje. Der vart den nynorske songskatten sungen og dansa, både i og utanfor Ungdomshallen. Målprisvinnaren var og initiativtakar til og aktiv i viseklubben Gymra først på 70-talet, som og var ein avleggar av ungdomslaget. Gymra var eit lokalt utslag av visebølgja som skolte over landet og der nynorsk skriftspråk stod sterkt.

Tor Henrik gjorde ein langvarig innsats for ungdomslaget. Han hadde og tillitsverv, m.a. var han leiar i laget. Han var og medredaktør av 100-års-jubileumsboka til laget i 1992.

Tor Henrik, sjølv utdanna sivilarkitekt, teikna ”den nye Ungdomshallen” og var prosjektleiar for restaureringa av Hallen som vart innvia ved årsskiftet 1983/84. Storvøla av den nedslitne Hallen vart ei samlande og mobiliserande sak for Odda ungdomslag, og løfta bygget fram til å verta eit samlingspunkt for lokalsamfunnet med m.a. praktfulle utsmykkingar og vakre interiørelement frå det tidlegare Hotel Hardanger. Hallen vart etter dette ein samlingsstad for alt folket i Odda etter at ”Folkets hus” forlengst var rive.

Tor Henrik Mannsåker var ein aktiv brukar av nynorsk innan offentleg forvalting, ikkje minst gjennom mange års arbeid i Odda kommune ved teknisk avdeling og som leiar av Bygg og eigedom har han gjort mykje for at nynorsk er aktivt brukt i den etaten. Saksdokument, instruksar, rapportar, møtereferat, oppslag og reglement frå hans hand har synleggjort nynorsk som eit tenleg og allment bruksspråk.

Med denne grunngjevinga vert Målprisen 2015 , som er eit trykk av Solfrid Aksnes: ”Bokstavflygarar”, tildelt Tor Henrik Mannsåker.