Kongens fortenestemedalje til Harry Solberg

På ei tilskiping på Iris Scene 28. april, fekk Harry Solberg Kongens fortenestemedalje.

Foto visar ordførar Roald Aga Haug som overrekker medaljen til Harry Solberg. Foto: Elin Myran.

Ordførar Roald Aga Haug overrekte medaljen. Harry fekk påskjøning for samfunnsbyggjande arbeid både som lærar og seinare som rektor, men fyrst og fremst for idealistisk arbeid – særleg i idrottslag og i mållag.

Foto visar at Roald held fram medaljen så publikum får sjå. Foto: Elin Myran

Harry har vore styremedlem i Odda Mållag sidan 1967, bortsett frå nokre få år då han arbeidde på skulen i Kinsarvik. I 19 av desse åra har han òg vore formann. I 1987, då Noregs Mållag hadde landsmøtet i Odda, organiserte og leidde han arbeidet med tilskipinga.

Foto visar Roald som held tale til dei frammødte på Iris Scene. Foto: Erlin Myran.

Harry er ei oppkome av gode idear, har uvanleg stor arbeidskapasitet og er ein dyktig organisator. Heilt frå starten i 1978 har Harry dessutan vore drivkrafta i utgjevinga av det lokalhistoriske skriftet Odda i manns minne, og til hausten kjem dette skriftet ut med den 32. utgåva.

Harry Solberg er heidersmedlem både i Odda Idrettslag og i Odda Mållag. I 1996 fekk han Målprisen og i 2002 fekk han Kulturprisen til Odda kommune. Då han fekk påskjøninga, takka han kona si, Turid Asting Solberg, for hjelp og støtte i arbeidet.

Ordførar Roald Aga Haug gratulerer Harry Solberg med prisen. Foto: Knut O. Dale.
Bilete av Harry Solberg som får Kongens fortenestemedalje. Foto: Knut O. Dale.

Odda Mållag gratulerer Harry med fortenestemedaljen!