Tur til Gjetingsdalen 20. august

Odda Mållag inviterer til spanande tur til Gjetingsdalen sundag 20.august 2023

På det meste budde det over 100 menneske i Gjetingsdalen og så seint som rett etter den andre verdskrigen budde det 80 menneske på 11 gardar i bygda.

I dag bur det mellom 15 og 20 menneske i grenda. Ein av dei er Anton Langeland. Han, saman med kona Karna, er aktive bønder. Før han vart generalsekretær i Norsk bonde- og småbrukarlag var han m.a. teknisk sjef i Odda kommune.

Anton Langeland skal me få møta saman med Per Magne Eikenes og Anfinn Bakke.

Eikenes bur nede ved fjorden, på garden Eikenes. Der vil han saman med kona Åse Bratland fortelja om garden og om driftsmåtar på bruket der dei mellom anna har kashmirgeiter. På garden er det og eit museum der me vil få omvising. Åse Bratland sel ulike ullprodukt som det vert høve til å kjøpa.

Etter at me har vore på Eikenes køyrer me opp i sjølve Gjetingsdalen og til det gamle skulehuset som no er grendehus i bygda.

Der vil me få servert eit måltid, betasuppe og rundstykke, og seinare kaffi med enkel kaffimat.
I skulehuset vil Anton Langeland ta oss med på ei reise gjennom norsk landbruk dei siste 150 åra der han vil koma inn på endringar som m.a. skriv seg frå ny teknologi: frå langorv til
hesteslåmaskin, motorslåmaskin, forhaustarar og rundballepresser. Og frå båsfjøs til robotfjøs der kyrne går fritt.

Og om norsk landbrukspolitikk med landbruksforhandlingar sett frå ulike innfallsvinklar.
Anfinn Bakke har vore bonde i Gjetingsdalen og han vil fortelja om livet i bygda, m.a. om når det kom veg ned til sjøen og om vegutløysing og om skulen og skulehus.

Turen til Gjetingsdalen kostar 300 kr for medlemar og 400 kr for dei som ikkje er medlemar.
Me møtest på Almerket, utanfor Odda kyrkje, klokka 10.00 og køyrer i privatbilar gjennom
Folgefonntunellen og vidare til Nordrepollen og deretter dei sju kilometrane utetter langs fjorden til Eikenes der me vert mottekne av Per Magne Eikenes og Åse Bratland omlag kl.10.30.

Påmelding til Knut O. Dale: knu-dale@online.no eller til
Sigrid Espeland Lerbak: post@odda-mallag.no innan 10.august.

De kan og ringja eller senda SMS til Knut O. Dale med
telefonnummer 93499218 eller til Sigrid Lerbak med
telefonnummer 90053602.

Med beste helsing
styret i Odda Mållag