Også i år hadde Odda Mållag eit telt med sal av bøker og anna under Røldalsmarknaden. Solveig Grønlien stod for den spenstige profileringa av målsak og lokalt mållag. Litt spontant, stillte til og med Christian Lunde opp som undertøysmodell, ikledd undertøy med påskrift frå Ivar Aasen.
Helga blei veldig kjekk, og høgdepunktet blei fotografert av lokalavisa.
Illustrasjonsbiletet er saksa frå framsida til Hardanger Folkeblad, og gjengitt her med godkjenning frå fotografen, Eivind Dahle Sjåstad.