Målprisen 2016

Eit utsnitt av heimesida til Odda ungdomsskuleI Odda er det svært få nynorskelevar som byter hovudmål. I grunnskulen er det ingen som byter. I landsmålestokk byter halvparten av nynorskelevane hovudmål, og i somme område, som Rogaland og Valdres, er målbytet endå større. Ja, jamvel i grunnskulen er det mange stader eit stort målbyte: I Telemark fell prosenten av nynorskelevar med 8 prosent – frå 17 prosent til 9 prosent – berre igrunnskulen, og målbytet held fram i den vidaregåande skulen, slik at det berre er 6 prosent som har nynorsk når dei går ut av den vidaregåande skulen.

Skuleåret 2016/17 er det ingen Odda-elevar som har skifta skriftspråk blant avgangselevane på studiespesialiserande studieretning. Desse elevane har altså hatt nynorsk som opplærings- eller hovudmål alle dei 13 åra dei har gått på skule, frå dei var 6 år til dei no er 19 år gamle. På Odda ungdomskole har elevane i alle år fram til skuleåret 2016/17 gått i språkdelte klassar på ungdomssteget. Denne språkdelinga har lærarane fylgt opp i praksis. Dei har vore lojale mot det språkvalet som foreldra gjorde då borna var 5 år gamle. Denne ordninga – Oddamodellen – er eit pedagogisk gode både for bokmåls- og nynorskelevane. Og ikkje minst fører det til at elevane vert glade i hovudmålet sitt.

For denne lojaliteten for språkvalet til foreldra, og for den eineståande viljen til å gje nynorskelevane gode vekstvilkår slik at dei vert trygge og kompetente nynorskbrukarar, får kollegiet på Odda ungdomskole Målprisen for 2016, trykket «Bokstavflygarar» av Solfrid Aksnes.

Posted in Ymse