Strategimøte om framtida for nynorsken i Hordaland

Tidspunkt: Laurdag 20.05.17 frå kl.11.00 til 16.00.

Møtestad: BUL-lokala (Gimle) Bergen.

Synspunkt: Framtida for nynorsk som jamstelt skriftspråk i Noreg vert langt på veg avgjort på Strilelandet. Det som hender i området kring Bergen vil få konsekvensar for dei nynorske kjerneområda, ikkje berre i Hordaland, men og i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal, og sjølvsagt for nynorskområda i Agder, Rogaland, Oppland, Buskerud og Telemark.

Innleiarar:

Magne Aasbrenn* opnar: Hordaland, det viktige målfylket!

Arild Reigstad*: Relasjonsbygging. 10 min

Terje Kollbotn*: Arbeidet for nynorsken i Hordaland. 15 min

Erlend Bakke*: Nynorsk skulemål i Hordaland: Ei historisk oversikt. 15 min

?: Målbyte i Øygarden. 10 min

?: Oversikt over stoda i Arna. 10 min

Endre Brunstad: Fjell-prosjektet. 15 min

Steinulf Tungesvik*: Er tolvåringar myndige? Jf. retten born har til å byta skriftspråk når dei er 12 år. 15 min

Geir Angeltveit*: Nynorsk i vaksenopplæringa. 10 min

Knut O. Dale*: Den viktige sidemålsstilen. 10 min

Magne Aasbrenn*: a) Nynorsk som jamstelt skriftspråk. 10 min b) Krav til politikarane: Kva har dei ulike partia lova. 15 min

Per Morken?. Einar Ådland* og Astrid Olsen*: Språk- og kulturkampen på Strilelandet. Er bergensarane språkimperialistar? 15 min

Øystein Skjæveland*: Strategiar frametter. Kven gjer kva og korleis? 15 min

Ordstyrarar: Vigleik Brekke* og Øystein Skjæveland*

Framfor vala i 2013 og 2015 var det opne møte om sidemålsstilen (2013) og Oddamodellen (2015)

Kva meiner dei ulike partia om sidemålsstilen, Odda-modellen, lovfesting av læremiddel for innvandrarar? Om desse spørsmåla arrangerer Noregs Mållag, Hordaland Mållag og Odda Mållag eit ope møte i Bergen måndag 21.august.

Tilskiparar av møta 20.05. og 21.08.17: Noregs Mållag, Hordaland Mållag og Odda Mållag.

Om innleiarane/deltakarane på møtet:

Så langt har innleiarane med stjerne stadfesta at dei kjem. Sjå ovanfor.

Arild Reigstad er styremedlem i Hordaland Mållag. I mange år var han hovudtillitsvald for grunnskulelærarane i Bergen kommune.

Terje Kollbotn er fylkestingsrepresentant for Raudt. Har vore kommunestyrerepresentant for Raudt i Odda i mange år. Han har sett Oddamodellen på dagsorden m.a. i møte med Hordalands-benken på Stortinget.

Erlend Bakke er leiar i Askøy Mållag og medlem i skulemålsnemnda i Hordaland Mållag.

Endre Brunstad er norskprofessor på Universitetet i Bergen. Han har vore leiar i Noregs Mållag. Han har det faglege ansvaret for Fjell-prosjektet.

Steinulf Tungesvik er advokat. Han har vore leiar i Hordaland Senterparti og leiar i Noregs Mållag. Ymse politiske ombod, t.d. statssekretær i samferdsledepartementet.

Einar Ådland har vore leiar i Hordaland Mållag. Han var og leiar i Kringkastingsringen. Arbeidde i informasjonsavdelinga på Universitetet i Bergen. Var redaktør i Dag og Tid på 70-talet.

Astrid Olsen er leiar i Hordaland Mållag. Til dagleg lærar på Ågotnes skule.

Øystein Skjæveland har hatt ulike ombod i målrørsla, m.a. leiar i Hordaland Mållag. Dagleg leiar og eigar av verksemda Isrosa i Herøysund i Kvinnherad.

Geir Angeltveit er kommunestyrerepresentant for Ventre på Stord. Medlem i Hordaland fylkesting. Arbeider på eit asylmottak for einsleg unge innvandrarar. Var pådrivar for å få nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar på Stord.

Knut O. Dale er leiar i Odda Mållag. Har og vore leiar i Hordaland Mållag. Til dagleg norsklærar på Odda vidaregåande skule.

Vigleik Brekke var i mange år redaktør for Kystradioen. Mållagsmedlem. Arbeider som informasjonsrådgjevar i Fjell kommune.