Odda Mållag inviterer på tur til Røldal sundag 15. august

Røldal – mellom aust og vest – mellom nord og sør

Illustrasjonsbilete er henta frå Facebooksida til Oddbjørn.

Til Røldal kom pilegrimane frå ulike himmelretningar – for å få ein livgjevande drope frå det sveittande krusifikset.

Ingen kjenner Røldal betre enn Oddbjørn Lyng-hammar. Han vil ta oss med kring i bygda: m.a. til husmannsplassen i Austmannalia, til Valldals-demningen og til Tufteelva. Oddbjørn er ein meistar til å fortelja og han er glad i bygda og folket.
Og no spanderer han ein heil dag på oss!

Me køyrer med privatbilar til Røldal:

Klokka 1000 reiser me samla frå Allmerket i Odda. Når me kjem til Røldal, får me noko å bita i. Deretter tek Oddbjørn Lynghammar oss med kring i bygda.

Ca klokka 1430 vert det middag på Skysstasjonen.

Ca klokka 1700 tek me sikte på å vera attende i Odda.

Turen kostar 400 kr for medlemar og 500 kr for dei som ikkje er med i mållaget.

På Skysstasjone får me servert svinesteik med karamellpudding.

Påmelding til Solveig Grønlien, tlf: 90865675 og e-post gronliensolveig@gmail.com
eller Knut O. Dale, tlf 93499218 og e-post knu-dale@online.no innan 5.august.

Vel møtt til ein minnerik dag i Røldal:-)
Med beste helsing
Odda Mållag