Lydopptak av digitalt valmøte 16.08.2021


Sendt på Radio Folgefonn, måndag 16. august 2021 kl. 18.00
Aarrangør: Hordaland Mållag

Program
Liva Thiis, masterstudent på lærarutdanninga ved NTNU, innleier om språkdelte ungdomsskular
Knut O. Dale, leiar i skulemålsnemnda i Hordaland Mållag, innleier om sidemålsordninga
Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, vil innleia om digitale læremiddel og om opplæring i nynorsk i grunnskulen og i barnehagar

Kvar av innleiingane vil vara i 10 minutt, medan kvart av dei politiske partia vil få 5 minutt til å svara på korleis partia stiller seg til mållagskrava. Deretter vert det ordskifte. Tidsramma for møtet er to timar.

Ordstyrarar på møtet vert leiaren i Hordaland Mållag Torstein Vik Århus og tidlegare ordførar i Etne kommune Siri Klokkerstuen.

Deltakarar frå dei politiske partia:
Odd Harald Hovland, nr. 2 på Arbeidarparti-lista i Hordaland
Lisa May Sæle, nr. 6 på Høgre-lista i Hordaland
Sigbjørn Framnes, nr. 3 på Framstegparti-lista i Hordaland
Kjersti Toppe, nr. 1 på Senterparti-lista i Hordaland
Tore Storehaug, nr. 1 på Kristeleg Folkeparti-lista i Sogn og Fjordane
Sveinung Rotevatn, nr 1 på Venstre-lista i Hordaland
Anna Sofie Ekeland Valvatne, nr. 5 på Sosialistisk Venstreparti-lista i Hordaland
Terje Kollbotn, nr. 2 på Raudt-lista i Hordaland
Pauline Tomren, nr. 3 på Miljøpartiet dei Grøne-lista i Hordaland


Oppdatering: Omtale med vedlegg hos Noregs Mållag:

nm.no/vellukka-valmote-gav-gode-signal/

Med tabell (Excel-rekneark) over politikarane sine svar, samt innleiingane til Peder Lofnes Hauge og Knut O. Dale.