Ein historiedag i Røldal

Foto av deltakarane på røldalsturen den 15. august 2021

29 sjeler hadde benka seg på Skysstasjonen for inntak av sveler og kaffi og orientering om program for dagen av Oddbjørn Lynghammar. Og då kom drøsen i gang alt.

Fyrste post på programmet var ei synfaring av gamle tufter i Austmannalia. Vi stod samla ved restane etter ein buplass på 1800-talet og tok imot ei historie om ein familie på ni – mor, far og sju ungar som levde i armod og naud. Dei berga seg mogeleg på jakt, fiske og nokre
geiter.

Historia fortel at dei i desperasjon reiste til «det forjettede land» Amerika. Historia er lang:
mellom anna måtte dei til Stavanger for å ta båten til «Junaiten». Då levde dei i ei anna verd. Men i Amerika døydde far og mor same året dei kom dit.

Neste post: Valldalen. Eit syrgjeleg syn møtte oss ved demninga. Nedtappa som sjeldan tidlegare. Med Oddbjørn sin tale til forsamlinga, kom eg på at eg to gonger hadde sett Valldalen før neddemminga og eg har berre eitt ord for det som har hendt: vandalisme. Sytten stølar vart lagde under vatn og dette må ha vore ei vond tid for mange. Det var litt sneke i norda-vinden, men det var verdt seansen.

Utbygginga av Tufteelva har engasjert mange i bygda. No fekk vi detaljane om dette prosjektet, utan at eg skal kommentera det.

Tilbake i Skysstasjonen fekk vi servert middag inkludert dessert og kaffi. Og det vart ikkje stilt rundt borda etter alle inntrykka. Som avslutning fekk vi sjå film som Oddbjørn sjølv hadde teke av fjellheimen og bygda. Litt emosjonelt skal vi tola når det er snakk om kjærleiken til eigen heimstad.

Ei takk til Solveig Grønlien og Knut O. Dale for arrangementet.
Og ikkje minst: takk til Oddbjørn Lynghammar!

Johan Torekoven