På sundag den 21. november 2021 arrangerer Odda Mållag eit førjulsarrangement på Sandvin med gardsbesøk og graut. Facebook vart brukt til å nå ut til familiar og påmeldingsfristen er allereie ute. Arrangementet har hatt veldig god respons og vi ventar nesten 90 deltakarar. Då kan det bli litt kaotisk og det kan bli parkeringsproblem.
Garden er pynta til jul og vi serverer graut, saft, kaffi, klementiner og peparkaker.
Det blir tilbod om å førehandskjøpa Odda i manns minne nr. 30 som formeldt skal lanserast sundag 21. november kl. 18 i Ungdomshallen. Solveig kjem også tilby andre mållagsvarer og kalendarar. Vi legg opp til å få til ein fjossti (litt som natursti) for ungane og det går rykter om at fjøsnissen vil dukka opp kl. 13.30