Endeleg gjennomslag for Oddamodellen?

Ope møte 7. september 2022 om Oddamodellen

Med mål om å få gjennomslag for at Oddamodellen skal koma med i opplæringslova, vert det arrangert eit ope møte i Odda på onsdag den 7. september 2022. Leiar i Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget Hege Bae Nyholt og Jeanett Syversen frå opplæringsutvalet i fylkestinget og fungerande leiar i Noregs Mållag Synnøve Marie Sætre kjem.

Om du har meiningar om Oddamodellen og ønskjer å påverka politisk for å sikra språkdelte klassar også på ungdomstrinnet, må du nytta sjansen til å delta. Møtet opnar for innlegg, spørsmål og meiningsutveksling. Har du erfaringar å dele, vil Hege Bae Nyholt kunne høyra kva du har å sei.

Odda Mållag stiller med kaffi og kaker.

Bilete av Hege Bae Nyholt er henta frå Stortinget